top of page

Ørsta

Her er nokre av turane som finst i nærområdet til Ørsta. Det finst og andre moglegheiter, så det er berre å spørje om råd og tips. 

natur1700x1060-33.jpg

Saudehornet

Høgste fjellet i bygda Ørsta. Utsikta er formidabel, men det kostar tid og krefter å ta seg opp til 1.303 moh. Kjensla når ein står på toppen gjer det vel verdt slitet. Turen kan fint kombinerast med en tur til Vallahornet på 830 moh, utan at det kostar stort meir enn tid. 

Romedalen

Det er mogleg å både gå og køyre opp den vakre Romedalen til Steinstøylen. Derfrå har ein fleire flotte fjell, om ein ønskjer å gå på topptur. Ein kan til dømes gå på  Hallehornet, Middagshornet eller Romedalstinden. Det er også sti vidare inn dalen om ein ikkje ønskjer å gå til topps på eit fjell.

camping-72.jpg
camping-71.jpg

Mosegga

På folkemunne blir den kalla Ørstas svar på Besseggen. Her er i motsetning ingen utsette parti, for dette er ein fin og trygg tur. Den kan gåast fra A til B, eller ein kan gå tur-retur frå ulike utgangspunkt. Ein kan og nøye seg med å gå opp på Grøthornet, Sandhornet eller Rambjørnhornet. 

Okla

Okla er en fin tur dersom ein ønskjer å gå ein kort topptur. Høgste punktet, som ligg på ca 615 moh, ligg rett over campingplassen, og gir ei flott utsikt over Ørsta og Hovdebygda. På vegen opp passerer du ei hengekøye som er eit ynda motiv for sosiale media.

camping-80.jpg
camping-81.jpg

Gapahuk, Vikeskåla

Ein fin, men bratt tur opp ein grusveg tek deg til Gapahuken ved Vikeskåla, som ligg 410 moh. Turen frå parkeringsplassen (140 moh) er 1,3 km, og dette er ein populær tur uansett når på døgnet du går opp. Det er og moglegheit til å grille eller kanskje du berre ønskjer ein litt annleis stad å lese ei bok?

bottom of page