top of page
Hytter
camping-12.jpg

Vi har hytter i fire kategoriar, så vi har noko for ein kvar smak som dekkjer dei fleste behov. Prisane varierer frå 650,- til 2.000,- per natt. Innsjekk frå kl. 15:00. Ta kontakt for bestilling. 

Under er det meir informasjon om kvar hytte og vi har også lagt inn eit biletegalleri for kvar av dei fire kategoriane. 

Storhytta

Det er ei utruleg flott hytte som er av høg standard. Den har stor uteplass der ein kan nyte sola, eit godt måltid eller kanskje litt ro med ei god bok. Hytta har soveplass til åtte personar fordelt på to rom og har alt du treng når du er på ferie eller treng ein stad for ei lengre periode. 

Hytta har ei stor sofagruppe samt komfortable lenestolar, spisebord med plass til åtte, TV, kjøkken med kjøle- og fryseskap, kaffitraktar, vasskokar, steikjeomn og mikrobølgeovn. Badet er moderne med dusjkabinett. 

Pris: 2.000,- per natt. 

Utvask: 500,-.

Hytte 8

Denne hytta er lys og innbydande som gjev deg ro i sjela. Hytta har ein veranda som går rundt hytta på eine sida, som gjer at ein kan nyte sola i svært mange timar. Hytta har plass til fire vaksne, har spisebord, kjøkken, TV, kjøle- og fryseskap, kaffitraktar, vasskokar og to kokeplater. Den har også ein koseleg sofadel som innbyr til både gode samtaler og ro. 

Pris: 1.200,- per natt. 

Utvask: 300,-

Tyrolerhytta

Vi har ei hytte av denne typen og den er delt i to bueinheiter.  Begge har eigen uteplass der ein kan slappe av, ete noko godt eller nyte sola. Hyttene har to soverom med plass til fire personar. Du får ein koseleg liten etekrok og kjøkkenet har kjøleskap, fryseskap, mikrobølgeovn og kaffitraktar. Hyttene har ei flott sofagruppe der du nyt roa eller kanskje ein film. Hyttene har moderne bad. 

Pris: 1.200,- per natt. 

Utvask: 500,-

Enkle hytter

Vi har åtte hytter av denne typen. Alle har eigen uteplass der ein kan nyte sola. Hyttene har plass til fire vaksne, har spisebord, kjøkken, TV, kjøleskap, kaffitraktar og to kokeplater. 

Pris: 650,- per natt. 

bottom of page