top of page
natur1700x1060-4min.jpg

Fjellturar

Ørsta Camping er eit perfekt utgangspunkt for fjellturar i området. Sunnmørsalpane er eit eldorado for alle som elskar å være ute i det fri. Og her finst alt frå enkle turar, til  tunge toppturar. Vi har delt området inn i fire ulike delar og deler nokre av dei flottaste turane. 

natur1700x1060-33.jpg

Ørsta

Her kan du gå på fleire turar direkte frå campingplassen. Mektige Saudehornet som tronar over bygda er ein sikker vinnar hos mange, men du kan også nøye deg med ein tur til ei hengekøy som gir ei nydeleg fjordutsikt. 

natur1700x1060-50.jpg

Hjørundfjorden

Hjørundfjorden har mange utroleg flotte fjellturar der du ser rett ned i fjorden frå tindane. Nesten uansett kva for ein tur du vel å ta, så er du garantert utsikt som er av dei fremste i Noreg.

natur1700x1060-25min.jpg

Vartdalstranda

Her finn ein av dei vakraste dalane i Noreg, Molladalen. Dette er eit ynda klatreparadis. Men stranda med dei tre bygdene har og mykje anna flott å by på både høgt og lavt i fjellet. 

natur1700x1060-88.jpg

Volda

Nabokommunen har også fleire flotte turmål. Galten er for dei som ikkje har høgdeskrekk og som søkjer eit tøft bilete til Instagram, medan Tyssedalen gir mange ulike inntrykk på turen opp.

Ørsta Camping - din overnattingsstad ved inngangsporten til Sunnmørsalpane

  • Facebook
  • Instagram

©2022 by Ørsta Camping. Produsert av Tind Media.

bottom of page