top of page

Hjørundfjorden

Fjella som omkrinsar Hjørundfjorden gir nokre av dei argaste utsiktene i landet vårt. Her er det nok av toppar å velje i. 

dale-3.jpg

Dalegubben

Dalegubben er ein topp der du startar meir eller mindre frå fjøresteinane. Av mange er utsikta fra toppen på 1.344 moh rekna som kanskje den flottaste i heile fjorden. Dette er ein tur ein berre må ta ein gong. 

Slogen

Kanskje den mest omtala toppen av Sunnmørsalpane. Og tidligare kåra til ein av dei flottaste toppturane i Noreg. Slogen ser brutal ut med sine bratte sider, men det går greitt å bestige den. Dette er ein svært populær tur, så ein må rekne med at det er mykje folk på finevèrsdagar, som og vil opp på 1.564 moh. Det går fleire stiar til toppen. 

camping-77.jpg
naturbilder-13.jpg

Saksa

Saksa er ein tur som ein kan ta utan å ta med bil frå Sæbø, for den eine av to ruter, går rett opp frå fergeleiet på Leknes. Saksa har tre toppunkt, men dei fleste går til den sørlegaste. Går ein frå Urke, kan ein gå innom gapahuken Bentebu. Delar av ruta har og sherpatrapp. 

Urkeegga

Dette er ein utruleg flott tur, og vi anbefaler å gå inn Langesæterdalen og deretter gå vestover langs egga. I starten av egga får ein mellom anna ei utruleg fin utsikt mot Slogen og bygda Øye. På Klokksegga er det fint å ta ein rast i gapahuken Egilbu og her går det og an å slå opp hengekøye. 

natur1700x1060-50.jpg
dale.jpg

Gunnarråsa

Ein fin tur for deg som kanskje ikkje ønskjer å gå på topptur. Du går opp til 370 moh og på vegen går du forbi fleire spennande treutskjæringar.  Vel framme kan du slappe av i gapahuken Fredbu eller i hengekøya. Der er og to reier som du kan kose deg med om du vil ha litt meir aktivitet. 

bottom of page