top of page

Volda

I nabokommunen finst det sjølvsagt mange turmoglegheiter. Vi tek med tre av dei, som er svært ulike turar. 

natur1700x1060-66.jpg

Galten

Galten er ein stad som "alle" vil ha på Instagram. Har ein ikkje høgdeskrekk, så kan ein få eit spektakulært syn og bilete. Turen er bratt, men lett og ikkje altfor lang. Dei fleste går opp på godt under timen. 

Tyssedalen

Tyssedalen er ein nydeleg dal som verkeleg er verdt ein dagstur frå Ørsta. Ein kan gå to vegar opp til dalen frå Bjørke og ein kan gå opp langs Tyssefossen den eine vegen. Tyssedalen er og ein del av den populære overgangsturen frå Bjørke til  Norangsdalen. 

IMG_0689mindre.jpg
camping-73.jpg

Lidaveten

Lidaveten er eit fjell ein kan sjå rett på frå campingplassen. Den ligg like innanfor kommunegrensa til Volda og er ein topp som gjer ein utroleg utsikt i 360 grader. Toppen, som er 592 moh, er heller ikkje av dei tyngste turane i området. Biletet er teke i desember. 

bottom of page