top of page

Ørsta Camping

Ørsta Camping vart starta av menneske som delte ein lidenskap for å reise og utforske. God service er kjernen i alt det vi driv med. Frå den augneblinken du kjem inn døra, så vil du føle den spesielle gjestfriheita på Ørsta Camping. 

Campingplassen vart grunnlagt i 1960 av Otto O. Ose og sidan har den vore ei familiebedrift. Sonen Ole Martin Ose tok over i 1974 og i dag er det Ole Martin si dotter, Vivian Ose Flø, som har ansvaret for den daglege drifta. Sentralt i alle desse årene har det vore at ein skal føle seg som heime når ein vitjar campingplassen. 

Dei siste åra har matserveringa hatt ein heilt sentral plass i hjartet til gjestane og dei som bur i regionen. Vi er opptekne av at du skal vere svært nøgd med servicen og kvaliteten som vi leverer til deg, anten du overnattar eller nyt eit måltid hjå oss. 

Dei fleste bilda på heimesida er teke av Tind Media.

Nokre attraksjonar har bidrege med eigne bilde, mens Ole Sunde og Hørundfjord Mountain Guide har levert skibilda. Tusen takk for at vi får bruke dei.  

camping-83.jpg
bottom of page