top of page

Attraksjonar

Du er midt i smørauge når du vel å overnatte i Ørsta. Det er kort veg til veldig mange spennande attraksjonar og her er nokre av dei regionen har å by på. 

natur1700x1060-9MIN.jpg

Hjørundfjorden

Innbyggjarane rundt fjorden elskar å titulere den som verdens vakraste. Det er ingen tvil om at dei stupbratte fjella og den djupe fjorden gjer landskapet svært unikt. Om du er glad i fjellet, finst det knapt eit landskap som kan måle seg med Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden i Noreg. 

runde-2.jpg

Runde

Eit besøk til Runde er noko ein berre må ha på må gjere-lista. Å oppleve Lunde-fugl på nært hald er åleine verdt turen. Set av god tid slik du kan gå ned til Runde fyr eller sjå den berømte Runde-skatten. Sjølv i dårleg vèr, er det vakkert der ute, der bølgjene slår innover berget. 

Atlanterhavsparken

Her finn du Nord-Europas største og mest unike saltvatn akvarium, der dykkarar matar fiskane for hand. Akvariet har og pingvinar, oter, sel og mange andre spennande skapningar som lever i havet. Der får ein og mykje kunnskap om det som finst under havflata.

natur1700x1060-16.jpg

Aasentunet

Aasentunet er det eldste personmuseet i Noreg. Allereie i 1898 opna dørene for fyrste gong. Aasentunet byd på eit breitt, spennande og annleis kulturtilbod til ære for forfattaren og nynorsken sin far Ivar Aasen.

bølgebassenget.jpg

Badeland

Det er to flotte badeland på Sunnmøre. Eit ligg i Fosnavåg medan det andre er i Ålesund. Perfekt avkopling om ein ønskjer å bruke noen timer innandørs til rekreasjon og moro. 

tunet.jpg

Hakallegarden

Garden er ein flott stad å besøke for både store og små. Her treff du kattungar, hestar, alpakka og mange andre trivelege skapningar. På besøksgarden kan du sanse livet på landet.

Geiranger

Ein av Noregs vakraste fjordar, står på den prestisjefulle UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarv-stader.  Her står opplevingane i kø. Kjør RIB, besøk fråflytta gardar, gå bak fossefall eller nyt utsikta frå Flydalsjuvet eller Dalsnibba.

natur1700x1060-76.jpg

Loen Skylift

Ta den spektakulære turen opp på fjellet Hoven med gondol. Dette er ein av dei brattaste pendelbanene i verda. Er du ekstra eventyrlysten, kan du og gå Via Ferrata i fjellet eller ta del i andre opplevingar. 

Loen Skylift_Marius Beck Dahle_4068_2500.jpg
bakketun.jpg

Bakketunet

På Bjørke, inst i Hjørundfjorden ligg det eldste gardstunet på Sunnmøre, der det finst tømmer som er datert attende til 1549. I dei seks ærverdige bygningane finn ein både strikkebutikk og kunstutstillingar. 

Cruise 2019 (18).jpg

Briksdalsbreen

Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen, den største isbreen på det europeiske fastlandet. Ein vakker sti/veg slynger seg langs elva dei 2,5 km fram til breen og du passerer ville fossefall på vegen opp.

Ålesund

Byen har av National Geographic blitt kåra til ein av Europas vakraste hamnebyar. Ålesund er ei arkitektonisk perle og mange av bygningane er ført opp i jugendstil. Og ein berre må gå dei 418 trinna opp til Fjellstua, som gir ei vakker utsikt, spesielt i det sola går ned i vest.

natur1700x1060-12MIN.jpg

Norangsdalen

Eit av Noregs vakraste, trongaste og mest spektakulære dalføre. Her finst ei gamal seter under vatn og både på  Urasetra og Stavbergsetra la dei husa inn i bakken som ly mot ras.

natur1700x1060-72.jpg
bottom of page