Aktivitetar
Det finst mange moglegheiter, for både liten og stor til å skape gode minne og opplevingar i nærområdet. Her er nokre av dei, og vi har sjølvsagt fleire tips, so det er bare å spørje, so hjelper vi dykk så godt vi kan.
Bading
Berre 30 meter frå campingplassen ligg den flotte badestaden Vekslet. Kortare veg til eit forfriskande sjøbad kan du knapt få. Det finst og andre badestader i området, som vi kan tipse om.
Riding
Det er fleire som driv med hestesport i Ørsta, so det er mogleg å få til eit møte med dei praktfulle dyra og ta seg ein ridetur. Vi kan sette dykk i kontakt med desse stadane.
Fiske
Det er fleire populære lakseelvar i kommunen, so sjansen for å kunne kome heim med ei fiskeskrøne er stor. Kombiner eit opphald hjå oss med å prøve fiskelukka.
Leikeparker
I gåavstand frå campingplassen finst det både leikeplass ved sjøkanten og skatepark ved idrottshallen. Det gjer at borna kan finne morosame aktivitetar utan at ein treng å køyre ein einaste meter.
Vintersport
Det er to skisenter ein kort køyretur unna, både i Ørsta og Volda. Sunnmørsalpane er eit eldorado for toppturar på vinterstid, med svært mange fjell å velje mellom.
Klatring
Molladalen er ein populær stad for å teste klatreferdigheitene og det er mogleg å få ein guida tur slik at ein kan stå på toppen av Bladet. Det er og tilgang til klatrevegg både i Ørsta og Volda.
Sykkel
Kvifor ikkje ta med deg sykkel på turen? Det er mange løyper for stisykling i Ørsta og Volda. I staden for å gå kan du sykle til fleire idylliske setrar rundt om i kommuna.
Jakt
Det er mykje hjort i området og det er mogleg å få sett opp tilgang til jakt. Kombiner gjerne ein haustferie med å teste jaktlukka i Ørsta.
Kajakk
Sjøen byr på mange ulike aktivitetar, og ein av dei er kajakk. Ta til dømes turen inn i Hjørundfjorden og nyt dei bratte tindane som ruver over deg frå havflata.
Rusleturer
Vi har to flotte og enkle gåturar i nærområdet. Både Dalemarka og Hovdeåsane er perfekt for en liten tur i skog og mark. I Hovdeåsane finst det og et nydeleg utkikspunkt over fjorden.