Vartdalstranda
Vartdalstranda består av tre bygder som alle gir flott tilgang til fjellet. Turen til Molladallen er den mest populære av dei, og det skjønar vi svært godt.
Molladalen
Molladalen er ei gryte omkrinsa av spisse og bratte tindar. Den spektakulære dalen er eit svært populært turmål for både fotturistar og klatreentusiastar. Dette er uten tvil ein stad du må vitje ein gong i livet. Og kanskje freistar det med eit iskaldt og forfriskande bad i vatnet.
Skorgedalen
Dalen går frå Vartdal og til Skorgeura i Ørsta, so det er ein nydeleg tur ein kan gå frå A til B om ein har moglegheit til det. Dalen har mange flotte turmål, og Levandehornet er det mange som tek turen til. Ein mindre kjent tur, som ikkje er for dei med høgdeskrekk, er å gå langs ryggen som går frå Marafahornet til Tverrfjellet. Ei ukjent perle i fjellmassivet her.
Bergehornet
Bergehornet er fjellet som tronar sør for bygda Vartdal. Ein flott tur som tek eit par timar. Her har du spektakulær utsikt i alle retningar og dette er ein nydeleg tur om hausten når sola går ned i vest.
Ramoen/Jønshornet
Dei siste metrane til toppen som er kjent under to namn, er ikkje for dei med dårlege nervar. Du må krype gjennom eit lite hol for å komme ut på toppunktet, som er ikkje av dei med størst plass. Toppen gir ei formidabel utsikt mot Ålesund. Det er to ruter opp, anten via dalen i Barstadvik eller via Molladalen. Den siste er så absolutt å anbefale om ein vil gå ein litt lenger tur.
Rjåneskamben
Det er kanskje ikkje heilt rett geografisk å seie at Rjåneskamben høyrer til Vartdalstranda sidan toppen soknar til Liadal. Uansett, så er dette ein lett og kort tur med kun 300 høgdemeter. Du kan og ta ein avstikkar til Rønneberghola, der fleire motstandsfolk skjulte seg frå tyskerane under andre verdskrig.