Ørsta Kommune
Ørsta kommune

Ørsta kommune ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane, på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen har et innbyggertal på om lag 10350 innbyggarar, kor om lag 6500 bur i Ørsta sentrum. Kommunen har eit allsidig næringsliv, med jordbruk, fiske og ein variert industri med mellom anna møbel, stål og næringsmiddelindustri som dei viktigaste næringane. I dei seinare åra har også turisme vore eit viktig område. Saman med Volda utgjør Ørsta eit regionsenter med 20.000 innbyggarar, vidaregåande skular, høgskule, sjukehus, og regional lufthamn med daglege avgongar til Sogndal/Bergen og Oslo.
Natur

Kommunen er med sine 820 km2 den største landkommunen i Møre og Romsdal, og utgjer eit naturmangfald med lakseelver, vakre fjordar og majestetiske fjell. Her er det alle moglegheiter for eit allsidig og variert friluftsliv heile året.
Kultur

I år 2000 vart Ørsta kåra til kulturkommunen i Møre og Romsdal, og det finns om lag 350 lag og foreiningar i kommunen eller som fellesslag med Volda, og desse gjer ei stor bredde i tiltak og tilbod. I Hovdebygda finn ein og eit nasjonalt senter for nynorsk språk og skriftkultur, Ivar Aasen tunet, som vart opna i juni 2000, og er teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn.
Dei nynorske festspela vert også arrangert den siste uka i juni, og byr på ei rekke opplevingar.

